Tradisjon, erfaring og kvalitet
Nomeland har sitt hovudkontor og verkstad på Rysstad, midt i hjarta av Setesdal. Her har vi halde til i over 60 år, og vi er i dag ein av dei eldste og mest erfarne entreprenørane i dalen.
Nomeland er ein del av Sørli-familien, og gjennom det tette samarbeidet med Olav Martin Sørli AS deler vi også kontor i Kristiansand. Det gir oss tilgang til eit endå breiare spekter av kompetanse, maskinar og massetak – frå Kristiansand i sør til Hovden i nord.
Så anten du møter oss på eit prosjekt langs RV9, på verkstaden på Rysstad eller på kontoret i Kristiansand: det er det same erfarne teamet som står bak, med eit felles mål om å levere kvalitet i kvart einaste oppdrag.
60 ÅR I BRANSJEN
-

Vegbygging
Med lang erfaring, god kunnskap, riktig maskinpark og sikkerheit i fokus har me vore ein solid leverandør av vegarbeid i mange tiår.
-

Masse
Me har massetak frå sørlandet til Hovden, og leverar den massen du treng, der du treng den.
-
Totalprosjekter
Me har kompetansen, utstyret og erfaringen til å levere prosjektet frå A til Å. Ta kontakt med oss!
-

Transport
Me tek på oss spesialtransport av blant anna anleggsmaskinar.
Våre massetak
Vi har massetak gjennom heile Setesdal, og gjennom samarbeidet med Sørli AS har vi no også tilgang på massetak i Kristiansandsregionen.
FRÅ SETESDAL TIL SØRLANDET
Våre prosjekter
Med meir enn 60 år i bransjen har vi mange prosjekt å vise til, dei fleste i Agder og særleg i Setesdal. Vi har bygd rulleskiløype og fleire hyttefelt i Brokke og på Hovden, vore med på bygginga av gul stripe gjennom Setesdal, og bygd fleire kraftverk. I tillegg har vi massetak i heile Agder og brøyter Brokke–Suleskardvegen, blant mykje anna.
“Me har som mål å levere kvar jobb frå oss med stoltheit.”
—helsing oss i Nomeland