Åpenhetsloven

Ivaretaking av åpenhetsloven

Åpenhetsloven skal fremje respekten for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i verksemder, og sikra allmennheitens tilgang til informasjon. Lova pålegg Nomeland Anleggsmaskiner (NA) ei plikt til å gje informasjon og mellom anna gjennomføre aktsomheitsvurderingar.

Lova inneber òg at allmennheiten skal ha tilgang til informasjon om desse forholda og arbeidet som blir gjort for å sikra dei.

NA ønskjer at våre forretningsforhold skal basera seg på tillit og openheit, og at våre leverandørar deler vår haldning til etikk og etterleving. Våre leverandørar og avtalepartnarar skal respektere grunnleggjande krav til menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø.

Me gjennomfører arbeidet med å ivareta lova i tråd med OECDs metode for aktsomheitsvurderingar. Vi har starta arbeidet med å kartleggje våre leverandørkjeder med tanke på risiko-områda som omfattast av openheitslova, og har kontakta nokre leverandørar for å få meir informasjon. Dette arbeidet vil vera ein kontinuerleg prosess der vi gradvis avdekkjer potensiell risiko, klargjer om ho er reell, og eventuelt arbeider for å redusera eller fjerna mogeleg skade.

 

Forklaring av aktsomheitsvurdering

Gjennomføringa av aktsomheitsvurderingar skal baserast på OECDs modell for aktsomheitsvurderingar for ansvarleg næringsliv:

 

Gjennomføringa av aktsomheitsvurderingar

 

Aktsomheitsvurderingar skal gjennomførast etter følgjande arbeidsmetodikk:

 •           Me skal halde arbeidsmøte for gjennomføring av aktsomheitsvurderingar minst to gonger per år.

•           På arbeidsmøtet skal me kartleggja risiko knytt til våre innkjøp av varer og tenester.

•           Me skal søkja tilgjengeleg informasjon om leverandørkjeder og risikokartlegging frå bransjeforeiningar som me er tilknytt, og frå andre aktørar.

•           Basert på risikokartlegging og prioritering av vesentlege områder skal me prioritera forbetringstiltak.

•           Resultata frå risikokartlegginga skal dokumenterast i ei skriftleg utgreiing. Denne utgreiinga frå våre aktsomheitsvurderingar skal vere lett tilgjengeleg på nettsida til verksemda i samsvar med opneheitslova.

•           Me skal informere i årsberetninga i samsvar med åpenhetsloven om kvar utgreiinga er tilgjengeleg, og oppdatere og offentleggjere utgreiinga innan 30. juni kvart år.

 

Om det generelle risikonivået for Nomeland Anleggsmaskiner

Me anser det generelle risikonivået for NA som svært avgrensa. Alle våre ansatte er ansatt i og arbeider i vårt norske datterselskap, Nomeland Maskin AS. All utvikling og produksjon av våre tenester skjer i vår egen regi i Norge.

I tillegg har me ingen leverandørar i risikoutsatte områder. Alle leverandørar er norske, og det er svært sjeldan at våre underleverandører benytter underleverandørar frå utlandet.

På grunn av vår verksemd si avgrensa storleik har leiinga og styre god oversikt over – og innsyn i verksemda. Både selskapets styre og leiinga er av den oppfatning at det er ein sjølvfølgje at selskapet sjølv tilbyr meir enn anstendige arbeidsforhold til alle våre ansatte og at alle våre leverandører skal gjere det same.

Konkrete aktsomheitsvurderinger

NA sitt arbeid med aktsomhetsvurderinger er påbegynt og konkrete vurderingar av områder og leverandørar vil bli gjennomført ila hausten vinteren 2023.