Offisiell opning
Riksveg 9 Byklestøylane-Hoslemo offisielt opna!
Vi i Nomeland Maskin er stolte av å kunngjere at vegstrekninga Riksveg 9 Byklestøylane-Hoslemo nå er offisielt opna. Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Cecilie Knibe Kroglund, sto for den høgtidlege opninga, og med dette tek vi eit stort skritt mot ferdigstilling av gul midtstripe heilt til Hovden.
Prosjektet har vært ein stor suksess, med eit samla budsjett på 150 millioner kroner. Vi har jobba tett saman med både Bykle kommune og fleire dyktige underentreprenører for å få på plass seks kilometer ny riksveg. Gjennom prosjektet har vi sprengt over 25.000 lastebillass med masse for å sikre ein trygg og effektiv fremkomst.
Vi er spesielt stolte av å kunne si at prosjektet har blitt gjennomført utan nokon form for arbeidsskader. Dette viser at vårt fokus på sikkerheit og kvalitet har gitt resultater.
Nomeland Maskin takkar for tilliten og samarbeidet med alle involverte partar. Vi ser frem til å fortsetje å bidra til utviklinga av regionens infrastruktur og sikre ein trygg og moderne veg for lokalbefolkninga og reisande.